Kvil i fred, mi kjære farmor. Verdens beste farmor var du. Raus, god, kjærleg, interessert i og viste omsorg og omtanke for kvart enkelt barnebarn og oldebarn og det kommande tippoldebarn og sjølvsagt eigne born/svigerborn. Har vore eit stort forbilde på ei flott og sterk kvinne, og gitt oss i familien mange gode stunder og smaksopplevingar som t.d. dei berømte fiskekakene og potekakene dine. Vil alltid bevare mange gode minner om deg med meg. No har Jesus henta deg heim til himlen, der du er saman med han og farfar.
Eg er glad eg fekk høve til å bli betre kjent med Anna i det siste leveåret hennar. Eg ville gjerne lytta til korleis kvinner som henne hadde levd i motgang og i glede. Dei hardføre, smålåtne kystkvinnene vert borte ei etter ei. Lite omtalte er dei, og stillfarande om eige arbeid og eigne sorger. likevel heilt sentrale i framveksten av det velstandssamfunnet vi no har.
Anna har rakt ut hånden ,
Andreas har grepet den .
Nå er de endelig sammen ,
hjemme i Himmelen.
Vi møtes der